Back to All Events

She Hunts - fotografier av Ingerid Jordal


I mars har CYAN galleri gleden av å presentere fotografen Ingerid Jordal sitt dokumentarprosjekt She Hunts som er på utstillingsturné rundt i Norge.
Sidan 2017 har fotografen fulgt jegere over store deler av landet. Kvinner mellom 20 og 91 år har tatt henne med på jakt, etter elg i Øst-Finnmark, hjort i vestlandsliene, rådyr i øst og rein på Hardangervidda. I denne utstillinga møter du mange av de.



For nokre år sidan såg eg eit fotografi av ei venninne på Facebook. Ho stod breibeint over ein svær reinsbukk ho nett hadde skote. Vêret såg surt ut, vinden rota til håret hennar og litt blod var sølt utover jakka hennar. Ho hadde eit fast grep rundt geviret til bukken og eit breitt smil i ansiktet. Ho var høggravid. Dette fotografiet utfordra mi førestilling om kvinner og identitet. Derfor byrja eg å undersøka kva det vil seie å vera ein kvinneleg jeger.


She Hunts er ein dokumentarisk utforsking av jaktkultur, kjønnsroller og representasjon i norsk utmark. Liv og død er grunnlaget for prosjektet. Fotografiet eg såg av den gravide jegeren som nett hadde tatt eit liv, poengterte ein kontrast eg ikkje sjølv var medviten om frå før av. Dette har eg hatt som ledetråd undervegs i arbeidet. Eg har jobba bevisst med å utforska det feminine uttrykket mot det "brutale" aspektet ved jakt, og freista å skapa fotografi som har denne dualiteten i seg. Målet er å utfordra førestillingar og oppfatningar av kva ein jeger er, og utvida rommet for kven som bruker utmarka, og korleis dei gjer det. Den stereotypiske oppfatninga om at "menn jakter, kvinner plukker bær" (problematisert i Aase Kristine Lundberg si doktoravhandling i 2017) lever i beste velgåande, sjølv om talet på kvinnelege jegerar har auka kraftig dei siste tiåra.

«Før mi fyrste elgjakt var eg nervøs. Eg håpte egentlig at eg aldri kom til å sjå nokon elg, for då slapp eg å ta den avgjersla det er å trekka av. Då eg skaut min fyrste elg i fjor haust, vart eg overraska over kor bestemt eg var. Eg lada våpenet, fann ein god skytestilling, sikta, og skaut. Eg var fullstendig fokusert. Men etterpå klikka det jo heilt for meg.»
- Mia, elgjeger, Vadsø


Utstillingen er på turnè
Helsinki Photo Festival 6. juli – 31. September 2021.
Vadsø kunstforening 22. sep – 17. okt 2021
Voss kunstlag, 14. januar – 13. februar 2022
CYAN galleri i Oslo, 25-27. mars 2022
USF Verftet, Bergen, 26. april – 16. mai 2022
Agatunet, Ullensvang, 21. mai – 3. august 2022
Norsk Skogmuseum, Elverum, 10. august –26. november 2022
Oppdatert turnéliste: www.shehunts.eu

Utstillingen er støtta av:
Kulturrådet, Kunstsentrene i Norge, Norsk fotografisk fond, Norske billedkunstnere, Fritt ord, Bergesenstiftelsen og Vestland fylke.


Vernissage 25/3 kl 18:00-23:00
-Åpent 26-27/3-kl 12:00-17:00
-Jegeromvisning 26/3 kl 16
Omvisning i utstillingen med fotografen
-Kunstnersamtale 27/3 kl 14,
“Jegeren i oss” med journalist Sigri Sandberg
Sigri Sandberg er journalist og forfattar med nordområder, natur og klima som spesialfelt. Ho har gjeve ut fleire bøker der ho set fokus på mennesket sitt forhold til naturen, mellom anna Mørke (2019) og Polarheltinner (2012).

Månedens CYAN brygg: Deadeye Bitter - en søt og sterk bitter med fersk appelsin og ingefær

Earlier Event: March 14
Mørkeromsintro 101
Later Event: March 30
Studio-omvisning